Om klubben

Eid Symjeklubb er ein plass der alle som melder seg inn først og fremst skal lære å symje. Vi starter derfor med "trygg i vann". "Trygg i vann" er eit kurs der dei minste skal bli kjend med vatnet, og der dei har det kjekt! Når ein er ferdig med "trygg i vann" er det også moglegheit å prøve seg på å bli endå bedre på å svømme. For den gjengen har vi Rekruttane. Rekruttane er den grunnleggande delen av symjing der ein lærer teknikk og har det kjekt! KUN! Gjennom Trygg I Vann si nettside som er lenka over kan ein melde inn barnet sitt.

 

Målet til rekruttane er å lage til ei kjekk og morosam treningsøkt der dei får lære nye ting. Når dei har lært nok og om dei vil lære endå meir, har vi Rekrutt 2, Rekrutt 3. Desse to nivåane av rekruttstadiet går ut på det same som Rekrutt 1. Rekrutt 4 er der det begynner å bli seriøst. Rekrutt 4 er nemleg det siste steget før ein er Junior. På rekrutt 4 blir treningane meir seriøse, men målet er fortsatt å ha eit godt og kjekt miljø! For å bli Junior er det visse krav. Når trenaren testar deg og ser at du klarer det, då er det ei god sjanse for at du blir Junior.

 

Til slutt er det Junior. Juniorane er det høgste nivået ein kan nå som barn/ungdom. Når du har blitt Junior blir treningane tyngre og du har moglegheit til fleire treningar i veka. Vi har fleire treningar sidan det er stemne der bare Juniorane kan vere med på. Juniortreningane er veldig strukturerte og krever ein god del meir innsats enn rekrutt sidan ein jobbar fram til dei stemne der du skal vise det du har lært i treninga di!

 

Viss du er på rekrutt/Junior er det mogleg å delta i fleire stemne der symjeklubben velger dei stemne som følgjer. Det er om lag 5-6 stemne til rekruttane i året, og juniorane har moglegheit å delta i om lag 15-20 stemne. NB! Dette er over heile sesongen. Symjeklubben bestemmer stort sett kor mange og kva stemne vi skal delta på.

 

Om vi skal på stemne som er lenger borte, så arrangerer symjeklubben transport, overnatting, mat og drikke, og startkontigent mot eit lite bidrag frå medlemmane. Informasjonen til slike arrangement blir lagt ut ca. 2 veker før arrangementet på Facebook sida vår som alle kan vere medlem av.

 

Facebook Gruppe.

 

© Copyright. All Rights Reserved by Bas van Moorsel